Kjærasten merka at noko var gale: – Han klarte ikkje å snakke

Først fekk han kneet ut av ledd. Så fekk han blodpropp i hjernen. Denne helga gjer handballspelar Alexander Blonz (25) comeback på landslaget.

– Eg ser tilbake på det som ei tøff tid, som eg har lært mykje av. Som eg kan ta med vidare i livet, seier Alexander Blonz til NRK.

«Tøff tid» er ikkje å overdrive.

For i desember i fjor var han uheldig på trening. Kneskåla gjekk ut av ledd – og det blei klart at han mista VM på heimebane i januar.

Dagen etter gjekk det frå vondt til verre. Han fekk blodpropp i hjernen.

– Ein tenker jo at noko sånt ikkje skal kunne skje med ein 24 år gammal mann. Det tok mykje tid å forstå, fortel Elina Østerli til NRK.

Ho er kjærast og sambuar med Blonz. Paret var på veg til å legge seg da ho merka at noko var gale.

– Han klarte ikkje å snakke. Han kika rundt seg med auga, dei flaug liksom litt. Han fekk muskelkramper, låg og vrei seg og sa at han ikkje merka venstre side. Eg merka fort at noko ikkje var som det skulle.

Blonz måtte bli henta med ambulanse og blei deretter sendt til sjukehuset.

FEKK BESØK: Alexander Blonz var ikkje på sjukehuset aleine.Foto: privat

– Ikkje mykje søvn den natta

Berre 200 meter unna sat Tobias Grøndahl, som spelte i same klubb som Blonz på den tida.

– Vi køyrde til og frå trening kvar einaste dag, til han plutseleg berre … Eg fekk melding litt ut på kvelden og fekk beskjed om at han har blitt henta av sjukebil, og fekk høyre om tinga som hadde skjedd, seier lagkompis Grøndahl.

Han held fram:

– Då var det ikkje mykje søvn den natta før eg møtte han dagen etterpå og fekk eit syn som eg ikkje hadde lyst til å sjå.

VENNER: Tobias Grøndahl (til venstre) var bekymra da han høyrde kva som hadde skjedd med lagspelaren og kompisen Alexander Blonz.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Lang veg …

Blonz blei liggande på sjukehuset i ti dagar. Blodproppen kravde akutt behandling, men legane fekk raskt kontroll.

Likevel har ikkje vingen, som vart norsk toppskårar under OL i Paris i 2024, vore tilbake på landslaget sidan. Kneskaden har kravd timevis med opptrening.

Blant anna rauk VM på heimebane i januar.

– Det var dobbelt kjedeleg dersom det går an å seie det på den måten. Det var kjedeleg å sjå på i utgangspunktet når eg visste at eg skulle ha vore med, seier 25-åringen.

MYKJE OPPTRENING: Alexander Blonz har brukt mykje tid på å trene seg opp att.Foto: Fredrik Varfjell / NTB

… Tilbake

For få veker sidan var Blonz tilbake på banen.

– Dei siste månadene har det losna, eg er tilbake på handballbanen. Det har vore kjempegøy, seier Blonz.

Han har sidan sjukehusinnlegginga i desember meldt overgang til ein av dei beste handballklubbane i verda, danske Aalborg.

– Første gong han sprang på banen her i Aalborg, så stod eg og grein og måtte tørke tårer, seier sambuaren til NRK.

Ho fortel at Blonz for alvor ønsker å levere på parketten igjen.

– Det var nokre månader der det ikkje var så ofte han lo eller interesserte seg, men nå blomstrar han igjen. Det er kjempekjekt å sjå, og det varmar hjartet mitt, seier Østerli.

STOLT: Sambuaren til handballspelaren Elina Østerli fortel at ho blei tydeleg rørt da Alexander Blonz gjorde comeback.Foto: privat

Aktuell for EM-troppen

Denne helga er han også tilbake på det norske landslaget.

– Han fekk jo både den sjukdomssituasjonen og kneskaden samtidig, så det er fantastisk å ha han tilbake. Eg er veldig glad på hans vegner, seier landslagssjef Jonas Wille til NRK.

– Han har jo også litt att til toppform, sjølvsagt, men vi ønskte å ha han med her for å sjå litt nærare på han og ha han tett på i miljøet, fortset han.

Landslagssjefen fortel at Blonz er høgaktuell for ein plass i meisterskapsstroppen til EM på heimebane i januar, men at det er sterk konkurranse frå tre andre kantspelarar.

– Så det er vel fire stykk som kjempar om to plassar. Så vi får sjå kva som skjer dei to siste månadene, seier Wille.

Related Posts

Farmen Kjendis: Regelbruddet som får TV 2 til å reagere

Oпsdag smalt det på «Farmeп kjeпdis»-gårdeп da Trυde Vasstraпd (61) ble pekt υt som førstekjempe av storboпde og iпformaпt Karsteп Blomvik (32). Meп hvem hυп velger som…

Målet er nærmere enn noen gang

499 Koпg Harald og Droппiпg Soпja (begge 88) er пemlig svært пære et mål de selv har sпakket om i årevis: Å besøke alle Norges kommυпer i offisielt…

Kjetil Rekdal er kreftfri

Mandag sto han igjen på treningsfeltet. Smilende, tydelig preget – men full av vilje. Kjetil Rekdal er erklært kreftfri og tilbake i arbeid for Aalesund FK. Samtidig…

Nå skal prinsesse Ingrid Alexandra gjøre dette for første gang

For første gang i historien skal prinsesse Ingrid Alexandra gjennomføre et offisielt oppdrag helt på egen hånd i Norge. Senere denne måneden setter den 21 år gamle…

Vendela om kreftbeskjeden: – Jeg vet ikke hvorfor slike ting ikke vipper meg av pinnen

Vendela Kirsebom skulle bare til rutinekontroll for å få beskjed om at alt var i orden. Det var det ikke. Kreftforeningen opplyser at rundt 7 000 kvinner i…

Kjetil Rekdal etter kreftdiagnosen – Jeg er erklært frisk

Aalesund-trener Kjetil Rekdal (57) erklærer seg frisk. Han skal fases sakte, men sikkert inn i jobben igjen, melder Sunnmørsposten. I november kom nyheten om at Kjetil Rekdal…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *