
Arthur Arntzen vart i dag bisett frå Tromsdalen kyrkje, også kjent som Ishavskatedralen.
Legenda frå nord gjekk bort like før jul, 19. desember. Da sovna han inn på Otium bu- og servicesenter i Tromsø, 88 år gamal.
Arthur Arntzen blei kjent for heile landet med karakteren Oluf Rallkattli, som fekk folk i nord og sør til å flire i nærmare 60 år.
Den karakteristiske skinnhua til Oluf sto også stilt fram ved sidan av kista.
Det er ikkje berre Arthur Arntzen som fekk sin avskjed i dag, det var også eit «takk for no» til karakteren som fekk folk til å flire så dei skreik.

Arntzen skreiv også fleire bøker, og var i utgangspunktet journalist – men med ein stor iver etter å få folk til å flire.
Han fekk dermed også tilnamnet «flirolog» og blei utnemnd til professor i faget ved UiT.
Bisettinga var i Tromsdalen, bydelen kor han sjølv levde heile sitt vaksne liv. Han har blitt omtala som «verdas mest kjente tromsøværing».

Bisettinga i Tromsdalen kyrkje vart leia av biskop Stig Lægdene.
Arntzen var i fleire år sjuk med demens.
I talen frå Lægdene legg vekt på at Arntzen likevel hadde humøret med seg lenge. Han hadde eit siste TV-oppdrag i 2018, året etter at han hadde fått ein veg oppkalla etter seg i Tromsdalen.
– Han vaks opp under tronge kår, og fekk ikkje så mykje skulegang, sa Lægdene i sitt minneord.
Trass dette, var Arntzen eit lesande og skrivande menneske, med sterkt engasjement, både som lokalpolitikar, journalist og humorist. Han trefte si Randi, som han fekk fire barn med, og som han levde saman med til siste slutt.
Biskopen trakk fram at Arthur Arntzen var ein mann som aldri gløymde kor han kom frå, sjølv etter suksessen som «heile Nord-Noreg sin Arthur Arntzen».
– Han såg dei som sat nedst ved bordet.

– Han lærte oss å vere snille
– Han oppdaga tidleg kva for ei kraft ord kunne ha. Korleis det kunne fange ei stemning eller eit barndomsminne.
Det sa dottera Cathrine i sitt minneord frå familien.
– Han var samansett: Liten, redd og sky, men også modig og klar for å utrette store ting. Nettopp i desse spenningane hadde kunsten sitt opphav.
Ho fortalde om ein far som kunne deklamere dikt, sjølv i tida da sjukdomen tok over. Da han blei for sjuk til å lese høgt sjølv, sette han pris på at andre las for han.
Med seg i oppveksten, fekk dei eit viktig etisk kompass, fortalde Cathrine.
– Han lærte oss å vere snille, og vise omtanke og ta vare på flokken.
Dottera skrøyt også av mamma Randi, som gjorde det mogleg å halde familien i gang når pappa Arthur var på sitt aller travlaste. Sjølv om han hadde mange jern i elden, var han også ein som opna huset for alle som ville kome på besøk.
Ho skildra ein varm, levande og humoristisk far, som elska leik og leven og god gamaldags herjing. Mamma Randi sin faste replikk var «Arthur, ikkje rundt kaffibordet!», mimrar dottera.
– For oss var han den aller finaste.
Sjå bileta frå bisettinga her:
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK
Foto: Rebekka Ellingsen / NRK
→
– Ein stor mann
Cecilie Myrseth fekk ansvaret med å halde minnetale på vegner av regjeringa. Ho vaks sjølv opp i Nord-Noreg, i Lavangen, og kan hugse at det var nettopp Arthur Arntzen som lærte ho kva humor kunne vere.
– Av og til flirte vi til vi skreik.
Ho sa at humoren til Arntzen hadde det unike ved seg at den trefte i ulike generasjonar.
– Det var ei danningsreise i miniatyr, mimrar ho om å sjå gamle videokassettar med opptak av humoristen.
– Kor mange år har «Oluf» eigenhendig forlenga nordmenn sine liv? Det er umogleg å seie.
Humor er ikkje berre ein bonus, det er det vi treng for å «stå han av», sa Myrseth, og la til at Arthur Arntzen var den som lærte nordlendingane dette på beste måte.
Myrseth understreka at det er ein stor mann som skal ut på si siste reise i dag.
– Han gjorde nordlendingar stolte av oss sjølv og kor vi kom frå, og han fekk søringar til å forstå oss. Det er ikkje ei lita bragd, vil eg seie. Det er ein stor mann vi tar avskjed med i dag, og det er ei stor ære å tale på vegner av regjeringa, sa Myrseth.
– Tusen takk for latteren, varmen og klokskapen. Eg lyser fred over Arthur Arntzen sitt gode og varme minne, avslutta ho.

Latter og applaus
– Ta med deg «laiddan» og skinnhua, og gi Gud ei hjelpande hand i alt som gjenstår.
Skodespelar Kristian Fr. Figenschow minna forsamlinga på at det er latteren vi skal hugse Arthur Arntzen for. Etter fleire rørande minneord, fylde fliring rommet i Tromsdalen kyrkje.
– Du var ein så forbanna triveleg gut!
Figenschow, som jobba med Arntzen på Hålogaland Teater, fekk dei frammøtte til å gje humoristen ein siste, rungande applaus i kyrkjerommet.

– Eit alvor under
– Ein snill mann, ein varm mann.
Slik oppsummerte Stig Lægdene mannen som i dag blei bisett frå Tromsdalen kyrkje. Humoren til Arntzen var både eigna for gapskratt og ettertanke.
– Det er kanskje da humoren blir best, når det er eit alvor under.
Den nye biskopen i Nord-Hålogaland bispedømme blei spurt av familien til humoristen om å leie seremonien. Dei to leia fleire gudstenester saman.
Arntzen brukte Tor Jonsson sine dikt i desse gudstenestene, dikt som handlar om korleis det er å vakse opp under tronge kår, i fattigdom. Dette gav gjenklang hos tromsøværingen.
I denne stusslegstova
har sorga alltid sutra
og slipt sin lange kniv.
I denne stova grodde
den gode draum som alltid
skal stråle kring mitt liv
Tor JonssonDiktarUtdrag frå «Barndomsheimen», dikt av Tor Jonsson
«Takk for alt du lærte oss» står det på eit av minnebånda kista er svøpt i.
Det er eit «takk» svært mange kan stille seg bak.
«Nordnorsk julesalme» avslutta seremonien. Forsamlinga gjekk så ut i mørketidslyset, til ein himmel i vakre fargar. Arntzen, som sjølv trudde på Gud, har nok allereie blitt ønska velkomen dit.